ÅRSPLAN I TEMA PROSJEKT 2002-2003 1.- 4. klasse
VEKE:
34- 37 GODE VENNER
| KRL: | Ein god venn Ros og oppmuntring Heime- ein stad å vere seg sjølv Klassemiljøet Når vi ikkje får det til |
| NORSK: | Skriva klassedikt. Lytta til forteljingar |
| SAMF.: | Gjera seg kjende med skulen. Samtale om reglar dei må følgja på skulen og om korleis dei ynskjer samværet skal vera i klassen. Praktisera enkle reglar for skikk, og bruk. Gjera det ein har lova og ta omsyn til andre. Bli kjent med at skulen har eit reglement. |
| KRØ.: | Ta vare på kvarandre i leiken |
| K.H.: | Laga eit bilete med utgangspunkt i temaet. |
38- 42 MANGFALDET I NATUREN
| NAT.: | Utforske både den levande og ikkje levande delen av naturen.
Arbeida med felles kjenneteikn for levande organismar, og øve seg i ulike måtar å gruppere dei på. Lære korleis ein nyttar ulike plantedelar til ulike føremål. Utforske nokre biotopar i nærmiljøet og beskrive enkle næringskjeder utifrå arbeidet med biotopar. Fuglar i nærmiljøet. Kva skjer med dei gjennom årstidene. |
| SAMF.: | Sjå korleis materiale blir brote lett ned i naturen i motsetnad til tungt nedbrytbare materiale. |
| NORSK: | Skriva og fortelja om det dei observerar i temaboka |
| KRØ.: | Bruka naturen til å utvikla evna til å ta seg fram i terrenget. |
43-45 ALF PRØYSEN
| NORSK: | Litt om forfattaren Ulike tekstar |
| K.H: | Laga illustrasjon til noko av det Alf Prøysen har skrive. |
| MUSIKK: | Songar, bruka rytmeinstrument til |
46-48 KROPPEN MIN
| KRØ.: | Samtale om kva ein meiner med å vere sjuk, sjukdommar som er
vanleg hjå barn , og korleis ein kan ta vare på helsa si. Lære om korleis kroppen er bygd opp. Gjennom leik bli kjende med ulike kroppsdelar og enkelte organ. Aktivitetar for å få automatisert grunnleggjande rørsler |
| H.K.: | Læra om samanhengar mellom kost og helse. |
| NORSK: | Lesa enkle fagtekstar Skriva i temaboka. |
49-51
SNART ER DET JUL| H.K\ MATTE: | Baka kaker |
| NORSK: | Lesa forteljingar Skriva\teikna til det me les. |
| K.H: | Laga julepynt |
| KRL.: | Juleevangeliet |
| MUSIKK: | Julesongar |
| SAMF.: | Samanlikne vårt eige land med land andre stader i verda. |
2-4. DET FYSISKE VERDSBILETE
| NAT.: | Observera og beskriva ulike vèrfenomen, og måla temperatur og nedbør. |
| MATTE: | Kalenderen og klokka. Målereiskap |
| NORSK: | Lesa enkle fagtekstar, og skriva ned observasjonar i temaboka. |
5-9 H. C. ANDERSEN
| NORSK: | Lesa forteljingar og eventyr. Skriva enkle tekstar. Sjå video |
| KRL.: | Ta vare på kvarandre |
| SAMF.: | Barna sine rettar, korleis dei blir utvida med alderen, høyra om at alle menneske har felles rettar, arbeida med konflikter og drøfta korleis dei kan løysast |
10-13 MENNESKE OG SAMFUNN FØR OSS
| SAMF.: | Høyra om dei første menneska som kom til landet vårt etter
istida og læra om korleis steinalder menneska i Noreg, Norden og Europa levde. Bli kjende med mytar, segner og eventyr og finne ut om dei kan fortelja noko om historia vår. |
| NORSK: | Lytta til segner og mytar. Finne nokre ordtak i sitt eige nærmiljø. Granska lokale stad namn, og snakka om kva dei tyder. Samiske eventyr. |
| KRL.: | Esops fabler |
| MATTE: | Laga rekneforteljingar. |
| KRØ.: | Tradisjonsleikar og songar frå foreldre og besteforeldregenerasjonen. |
| K.H: | Oppleva og samtale om korleis røynda og fantasien er framstilt i arbeidet til ulike kunstnarar. |
14-18 Å ORIENTERE SEG I OMVERDA
| SAMF.: | Finna ut kva himmelretningar er og korleis kjennskap til dei
kan nyttast, Bli kjende med omgrep som polar og ekvator. Trena seg i å finna heimkommunen på kartet. Arbeida med enkle kartskisser, modellar eller teikningar av nærmiljøet. Bli kjende med geografiske omgrep som tidssoner lengde- og breiddegrad. "Reise" på kartet og følgja Leiv Eiriksson eller Columbus. |
| NORSK: | Høyra om polferder. Skriva og teikna i temaboka. |
| NAT: | Over tid observera posisjonen til sola og samanhengen mellom solhøgd og tid på dagen. |
19-21 INGER HAGERUP
| NORSK: | Ulike dikt og tekstar Litt om forfattaren |
| MUSIKK: | Bruka stemma si som musikalsk uttrykk i arbeidet med ulike tekstar av Inger Hagerup. |
| DRAMA: | Dramatisera noko frå ein av tekstane. |
22-23 STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK
| NAT.: | Arbeida med kompostbinge som døme på eit forenkla krinsløp, og utvikla forståing for at naturen brukar dei same stoffa om att. |
| NORSK: | Skriva ein saksprega tekst. |
| H.K.: | Kjennskap til problem i samband med avfall. Praktisera kildesortering. |
Anita Høydal Heidi Pettersen