Temaplan for småskulen 2003/2004

Veke 34-36: Eg og dei andre

Krl: Reglar Klassemiljø Skulen og nærmiljøet.
Samf: Samtala om reglar dei må fylgje på skulen og om korleis dei ynskjer samværet skal vera i klassen. Praktisera enkle reglar for skikk og bruk.

Veke 37-40: Me er naturforskarar

Nat.: Levande og ikkje-levande deler av naturen. Observera nokre dyr og planter i nærmiljøet, og sortere dei etter likskap og ulikskap. Sjå på nokre biotopar i nærmiljøet.
Krø.: Læra om samspel i naturen, ta ansvar for natur og miljø.
K.h.: Finna fram til materialer i lokalmiljøet og bruka dei i skapande arbeid. Samtale om verdier som naturen representerer.
Norsk: Skildra opplevingar ved å teikna eller skriva i temaboka.
Musikk: Eksperimentere med korleis lyd kan lagast på ulike måtar, mellom anna ved blåsing, knipsing og risting, og arbeida med korleis lyd kan bli musikk.

Veke 42-44: Nyare litteratur: Roald Dahl og Tove Jansson

Norsk: Lesa og lytta til forteljingar av Roald Dahl og Tove Jansson. Få litt kjennskap til forfattarane. Bruka fantasien til å skriva i temaskriv.
Krl.: Rolleleik og fantasileik
K.h.: Laga bilete på ulike måtar, og med måling og fargar
Musikk: Undersøkja klang og rytme i vers og viser.

Veke 45-48: Kva lagar me ting av

Nat.: Bli kjend med eigenskapar ved materiale og bruken av dei ulike materiala. Bli kjend med kva materiale nokre vanlege bruksting er laga av.
Krø.: Laga leikar og spel av ulike materiale, til dømes naturmateriale.
K.h.: Møta og samtale om skulptur og bruksform av naturmaterial.
Norsk: Skriva observasjonar og opplevingar i temaboka

Veke 49-51: Me ventar på jul.

Krl.: Advent, tida før jul.
Musikk: Læra julesongar. Framføra songar og musikk.
K.h.: Bli kjend med naturmateriale som tre og ull, og bruka det til å skapa noko.
H.k.: Oppgåver knytt til julehøgtid og sosialtrening.
Norsk: Juleforteljingar. Skriveoppgåver i temaskriv. Gjengi forteljingar.

Veke 2-4: Helse og trivsel

 

Nat.: Likskap og ulikskap mellom menneska og andre levande organismar, og korleis variasjon heng saman med miljøet. Læra om og bli kjend med nokre dyr. Samtale om forholdet mellom menneska og dyr
Avfall: kva kan brukast på nytt og kva kastar me?
H.k.: Litt om kjeldesortering
Krø.: Oppleve samspelet mellom menneska og natur ved å vera ute.
Norsk: Skriva i temaboka
K.h.: Laga eit dokketeater eller skuggeteater og laga dokker til dette.

Veke 5-7: Brødrene Grimm

Norsk: Læra litt om sjangeren eventyr. Bli kjend med nokre av eventyra til brødrene Grimm. Lytta til eventyr og lesa sjølv. Skrive eigne tekstar.
K.h.: Arbeida med skulpturar. Bruka fantasien til å uttrykkje og skapa.
Krø/Musikk: Folkedansar.

Veke 9-11: Ut i verda

Samf.: Bruka globus og bøker, og samtala om folk og språk i ulike delar av verda. Læra om ulike familietypar og slektningar, og at måten samliv og familiestruktur er ordna på, varierer frå land til land og over tid.
Norsk: Eventyr, mytar og fablar frå andre land. Skriva i temaboka.
K.h: Ulike kulturar sine tradisjonar. Veving og strikking.
Musikk: Oppleve songar og musikk frå ulike tradisjonar og verdsdelar.

Veke 12-17: Fortida. (Påskeferie veke 15)

Samf.: Samtale med eldre menneske. Bli kjend med korleis menneska levde før oss. Utvikla interesse for historia i heimstaden. Ansvar mellom gutar og jenter i heimen og samfunnet.
H.k: Barn og vaksne sine ulike roller. Respekt for likeverd.
Norsk: Norrøne mytar: Ask og Embla. Opphavet til sitt eige namn. Skriva i temaboka.
Musikk: Folkeviser.

Veke 18-19 og 21-23: Det fysiske verdsbiletet.

Nat.: Arbeida med lys, lysbrytning og danning av skuggebilete. Sjå kva som skjer når lys treffer ulike overflater. Bli kjend med krefter som fører til rørsle eller som hindrar rørsle. Læra om bruk av tyngdepunkt, vektstenger og friksjon.
Samf.: Læra noko om dei store elvane, korleis menneska har nytta dei til samferdsel og energikjelde, og om bygging av bruer og sluser.
Norsk: Skriva observasjonane i temaboka. Lesa aktuelt stoff.
Krø.: Utforska eigne føresetnader for rørsle.
K.h.: Læra om fargane sin symbolverdi, t.d. trafikklys, vasskraner og skilt.

Veke 20: Henrik Wergeland og 17. mai.

Norsk: Lese nokre dikt av Henrik Wergeland og bli sjå på han si rolle i samband med feiringa av 17.mai.

Veke 24-25: André Bjerke

Norsk: Få kjennskap til forfattaren. Skriva eigne dikt. Lesa litteratur.
Musikk: Arbeida med ulike tekstar, mellom anna rim og regler, og andre tekstar som utgangspunkt for musikalsk arbeid. Dikta vidare på tekstar i songar og rim.
K.H: Gjengi uttrykk og uttrykkje fantasi og skaparglede i bilder for eksempel teikna, mala, riva, klyppa og lima.

Uteskule:

Me kjem til å ha temaet Nærmiljøet som uteskule. Her skal me bli kjent med lokal mattradisjon, bruksformer og arkitektur i nærmiljøet.

Andre tema som høver seg å ha i uteskule, vil også bli jobba med ute. Det me jobbar med i uteskulen er ikkje alltid samstemt heilt med dei tema me jobbar med elles.